Norge er et av de land i Europa der politikere, presse og opinion er mest ensrettet når det gjelder støtte til Ukraina-krigen. Gjest i denne episoden er Pål Steigan, som har analysert ferske tall fra Kiel Institute, der et klart mønster trer frem: Norden skiller seg ut i forhold til resten av Europa, i en slik grad at vi kan snakke om Den store nordiske Ukraina-krigen.
Et klart flertall av ukrainere går inn for å avslutte krigen mot Russland gjennom forhandlinger. 66 % sier at de går inn for en forhandlet avslutning på krigen så snart som mulig, mens bare 24 % støtter å fortsette å kjempe til seier.
På Stortinget er det derimot 100% oppslutning om at ukrainerne skal fortsette å krige for seier, ingen stemmer høres fra Stortingets talerstol til støtte for et fredsinitiativ.


Steikje god episode. Takk til tre klokingar!
Eit lite land med mykje pengar og ukloke leiarar kan stella i stand mykje ugreie i verda.
Er det mogeleg å finna ein mindre eigna leiar for utanrikskomiteen enn Frølich? Stortinget viser at det er dysfunksjonelt. Det er ute av stand til å læra av tidlegare norske krigsfiaskoar.
Torfinn Slettebø
LikerLiker
Glimrande!! Rett og slett! I ei anna verd hadde dette gått på statskanalen døgnet rundt, med problemstillingar nok til å halde verkelege journalistar i eit kontinuerleg engasjement som ville ha fått minutt-for-minutt oppfølgjinga av kongen sin sjukdom og død til å stå fram som ein parentes i nyhendebiletet.
Her er ein inne på så mange sentrale og i praksis livsviktige moment, at ingen ting av dette burde få liggje. Me er styrde av historisk dårlege leiarar, ikkje minst her i nord. Dei gjer alt dei kan for å få krigen og krigane nærare, både i tid og rom. Vurdringane deira er sterkt prega av kunnskapsløyse og kynisme, der dei store pengane får styre alt. Krig veit dei ingenting om, og aller minst ein atomkrig. Våre eigne «representantar» brukar heile tida felles verdiar som oljepengar og skattepengar på måtar som absolutt ikkje tener folk og land. Ikkje minst i krigen i Ukraina, «investeringar» som er både meiningslause og destruktive. At nazismen også er eit tema, set fingeren på ei viktig og stort sett underkommunisert side ved vestleg kultur. Eg trur dei har rett dei som hevdar at det langt på veg var nazistane som vann den førre verdskrigen. Det som elles syner seg i krig etter krig er at Vesten allierer seg med dei verste kreftene, t d nazistar i Ukraina og terroristorganisasjonar i Syria.
Lars Longva
LikerLiker