Rød Ungdom tok initiativ til markering mot USA-intervensjon i Korea. Flere organisasjoner deltok på Torgallmenningen i dag. Her er Vegard Holtås fra Bergen Rød Ungdom sin appell.
For 65 år sidan blei det signert ein våpenkvile som gjorde slutt på Koreakrigen. I tre år hadde det gått føre seg ein brutal krig mellom Nord-Korea, støtta av Sovjet og Kina, og Sør-Korea, støtta av USA. Det er umogleg å diskutere forholdet mellom Nord-Korea og Sør-Korea, eller Nord-Korea og USA utan å hugse på Korea-krigen. Likevel blir Korea-krigen gjerne kalla «den gløymde krigen». Ein amerikanar kan gå gjennom skuleløpet utan å kjenne til historia på Korea-halvøya – som at to og ein halv millionar menneske døydde dei tre åra. Eller at 1,5 millionar døydde på Nord-koreansk side. Eller at 75% av Pyongyang, hovudstaden i Nord-Korea, blei øydelagt. Ein av dei amerikanske pilotane som deltok i teppebombinga av byen, har fortalt at det ikkje sto igjen nokon bygningar høgare enn to etasjar, og at dei måtte avslutte bombinga fordi det ikkje fanst noko meir å bombe. Klarer vi å sjå føre oss kva denne typa øydelegging, dette traumet, gjer med eit folk? Utan å ha denne historiske konteksten i bakhovudet er det umogleg å diskutere forholdet mellom USA og Nord-Korea.
For berre nokre timar sidan, starta USA, saman med Storbritannia og Frankrike, eit luftangrep på den syriske hovudstaden. USA og vennane deira set oss no i den farlegaste internasjonale situasjonen sidan Cuba-krisen. Kven er den største trusselen mot verdsfreden?
Av og til blir vi fortalt kven som er den største trusselen mot verdsfreden. Tidlegare har det vore Irak, deretter var det Libya. No ligg dessa landa i ruinar, og vi blir fortalde at det er Iran eller Nord-Korea. Men det er noko mistenkeleg ved at USA, som bruker meir pengar enn noko anna land på militæret sitt, har tusenvis av atomvåpen klare til bruk, som øydela Irak og Libya og no er i ferd med å starte ein storkrig mot Russland i Syria, skal lære oss om kven som er ein trussel mot verdsfreden. For berre nokre timar sidan, starta USA, saman med Storbritannia og Frankrike, eit luftangrep på den syriske hovudstaden. USA og vennane deira set oss no i den farlegaste internasjonale situasjonen sidan Cuba-krisen. Kven er den største trusselen mot verdsfreden?
Det stemmer at Nord-Korea har atomvåpen. Dette er skummelt, og vi ønskjer ikkje at fleire land skal ha atomvåpen. Men det er likevel greitt å forstå korfor Nord-Korea har ønskt å ha atomvåpen. Det er ikkje fordi dei vil ha krig, men fordi dei såg kva som skjedde med Libya, då dei ikkje var i stand til å forsvare seg mot invasjon. No er Libya splitta, terroristorganisasjonar kontrollerer store delar av landet, og det finns opne slavemarknadar. Derfor har Nord-Korea atomvåpen. Desse vil forsvinne med ein gong dei kan vere sikre på at USA ikkje vil intervenere. Fordi Nord-Korea har ingenting å vinne på å bombe USA først. Atomrakettane deira har ein enorm skremselseffekt, som fungerer som avskrekking for eit land som ville invadert. Men i ein atomkrig ville dei ha tapt umiddelbart. Det er altså mogleg med nedrusting på Korea-halvøya. Men skal det vere mogleg, må USA halde opp med aggresjonspolitikken sin.
Det blir for tida planlagt eit toppmøte mellom USA og Nord-Korea. Dette støtter eg heilhjarta, og eg håpar at dei to partane kjem fram til reelle tiltak som kan føre fram mot ein slutt på konflikten. Dette er Nord-Korea villige til – møtet mellom Kim Jong-Un og president Xi Jinping i Kina denne månaden bekreftar dette. På møtet sa Kim Jong-Un at Nord-Korea er villige til å få på plass en avtale om atomnedrusting på Korea-halvøya. Men dette inneber også at USA ikkje skal plassere missil på Koreansk territorium eller på grensa, og at Kina og USA skal samarbeide om å gi sikkerheitsgarantiar til Nord-Korea. Med klar tale – leiaren i Nord-Korea er villig til å gi opp atomprogrammet sitt dersom de kan vere sikre på at landet ikkje vil bli invadert og øydelagt. Men USA er ikkje det landet som gir og tar og tenker på felles beste i forhandlingar – dei vel ofte heller kanonbåtdiplomatiet, maktas veg. Den største militærmakta i verda har fridommen til å gjere sånn, andre statar har ikkje. Det er altså opp til USA om det skal bli varig fred i Korea. Kva vil Donald Trump gjere? Vil han gjennomføre samtalene med eit mål om fred, eller vil han høyre på sin nye sikkerheitsrådgivar John Bolton, og bombe Nord-Korea til bitar? For leiinga i Washington er dette eit vanskeleg val, men for oss er det såre enkelt: for at det skal bli fred i Korea, må USA stanse aggresjonspolitikken sin umiddelbart.
Eg har fått høyre at vi demonstrerer for Nord-Korea, eller til og med støtter Kim-Jong Un. Då har man misforstått fullstendig. Leiinga i Nord-Korea har stått bak store brot på menneskerettane, og vi er ikkje her for å unnskylde dette.
Eg har prata med eit par om denne aksjonen, som meinte at den kanskje var for radikal. Eg har fått høyre at vi demonstrerer for Nord-Korea, eller til og med støtter Kim-Jong Un. Då har man misforstått fullstendig. Leiinga i Nord-Korea har stått bak store brot på menneskerettane, og vi er ikkje her for å unnskylde dette. Men å seie at vi støtter Kim-Jong Un, er like rart som å seie at vi støtta Saddam Hussein då vi demonstrerte mot Irak-krigen i 2003. Vi, eller våre forgjengarar, demonstrerte mot Irak-krigen, og då var det ti tusenar fleire her i Bergen som demonstrerte med oss. Støtta dei Saddam Hussein? Historia har vist oss at vi gjorde rett i å demonstrere mot amerikansk aggresjon då. Irak-krigen førte til at rundt ein million irakarar døydde, nitti prosent sivile. Leiinga i USA har ikkje tatt dette inn over seg, for det vil dei ikkje. Men vi er prinsippfaste, og setter freden først. Om nokon meiner at vi tar feil, eller at vi støtter Nord-Korea, så får dei meine det.
Viss nokon meiner at det er altfor radikalt å demonstrere for fred i eit land som ikkje har vore samla og sjølvstendig eller hatt fred på over hundre år, så er vi radikale. Eg personleg synest ikkje at dette er eit radikalt krav.
Viss nokon meiner at det er altfor radikalt å demonstrere for fred i eit land som ikkje har vore samla og sjølvstendig eller hatt fred på over hundre år, så er vi radikale. Eg personleg synest ikkje at dette er eit radikalt krav. Dei aller fleste vil ha fred, men det finns dei som synest at krig er helt greitt. Eit par av desse heiter Donald Trump, Barack Obama, John Bolton og George Bush. Å ha årlege militærøvingar på grensa til eit land, som simulerer øydelegginga av dette landet, det er radikalt. Det er ekstremt.
Å true eit anna land med total øydelegging frå talarstolen til FN, det er radikalt, og ekstremt. Vi er mot alt dette, fordi vi vil ha fred i vår levetid. Dei som ivrar for krig, meiner at det er for radikalt. Men vi rokkar oss ikkje og stiller heller vi desse fire krava:
- Samtalar for å få ein endeleg fredsavtale og slutt på Koreakrigen.
- At USA sluttar truslane om «first strike» og krig på Koreahalvøya.
- At dei årlege militærøvingane på grensa mot Nord-Korea tar slutt.
- At Nord- og Sør-Korea får stå fritt til å forhandle gjenforeining av landet utan amerikansk innblanding.
Eg oppfordrar alle som støttar desse krava til å bli med i toget etterpå. 65 år med evig krig er 65 år for mykje. Vi krev fred i Korea! Vi krev fred i vår levetid! USA ut av Korea, ut av Syria, og ut av Værnes!
FREDEN OG DEN KOREANSKE ATOMBOMBEN
«Nu hojtar journalister och kommentatorer i våra officiella och officiösa svenska medier om Demokratiska Folkrepubliken Korea och atombomben. De hojtar lika högt som de teg avgrundsdjupt när Förenta staterna genomförde bakteriekriget mot Korea och Kina. Det är inte konstigt. Till sådant är de avlönade.
Men egentligen vet också de att om ledningen där inte valt att utveckla ett eget kärnvapen hade det gått dem som det gick Irak och Libyen. För att bara nämna två näraliggande exempel.
Om Saddam Husein verkligen haft kärnvapen då hade Förenta staterna slunkit undan med svansen mellan benen och Irak undgått den katastrof som nu drabbat landet och dess befolkning. Då hade Irak fortfarande varit ett av Västasiens högst utvecklade stater med skolgång och hälsovård. De vetenskapsmän och akademiker som nu systematiskt likviderats av Förenta staternas och israels undererrättelsetjänster hade levat och verkat. Visst var Saddam Husseins välde blodigt. Men Förenta staternas har varit långt värre. Dess tortyrspecialister värre.
Hade Khadaffi inte låtit lura sig av Förenta staterna, Storbritannien och Frankrike att avsluta sitt arbete på massförintelsevapen då hade Libyen nu haft fred. Dess folk hälsovård och utbildning och landet kunnat fortsätta ekonomisk och teknisk framåtskridande.
För att uttrycka det enkelt. De svårigheter, de fängslanden, det förtryck och den tortyr folken utsattes för av Saddam och Khaddafi var hur man än räknar bara en bråkdel av de katastrofer och den tortyr de utsatts för av Förenta staterna och dess villiga hjälpredor (till vilka hör Sverige).
Så är det och det vet vi egentligen alla. Att Demokratiska Folkrepubliken Korea överhuvudtaget existerar beror på att Förenta staterna där led sitt blodigaste militära nederlag under perioden efter 1945. De kinesiska frivilliga och den koreanska folkarmén krossade deras GI:s mitt under deras framryckning mot norr. När MacArthur sökt inleda kärnvapenkrig mot Kina tvangs Truman hejda honom ty han insåg att då skulle också «Washington, New York and Chicago go up the flu».
Men något fredsavtal har Washington aldrig gått med på och därifrån har man intrigerat och upprustat inför det kommande krig Pentagon riktat in sig på. Demokratiska Folkrepubliken Korea har varit som en mus inträngd i ett hörn framför katten. Freden har säkrats av dess upprustning – politiken armén först – och att Kina inte velat ha Förenta staternas militär vid sin gräns i nordöst. Korea och Kina var nära som läpparna och tänderna som Mao sade. (…)
I Korea – liksom för övrigt på många håll i Kina – är man inte säker på att ledningen i Kina inte också när det gäller den klokt fredsbevarande solidariteten med Korea fallit offer för de sockrade pillren. Då gäller det också Kina det man för lite mer än sjuttio år sedan sjöng om den otroligt starka tyska socialdemokratin på kabaréerna i Berlin: «Vi gör en liten kompromiss». Vilket de gjorde och så gick det som det gick.
Kanske räddas världen därför denna gång av Demokratiska Republiken Koreas atombomb. Kanske inte. Då lyckas hökarna i Förenta staterna få igång ett kärnvapenkrig. I så fall ger jag inte mycket för våra överlevnadschanser.»
– Jan Myrdal, april 2013
http://myrdalblogg.blogspot.com/2013/04/fredenoch-den-koreanska-atombomben.html#more
LikerLiker