Dei krigane som rasar i dag handlar om det same, makt, hegemoni og enorme økonomiske interesser. Ser me oss tilbake, veit me også at desse aldri har handla om demokrati, folkerett og menneskerettar.
Av Lars Longva, pensjonert lærer Sykkylven
Den indiske forfattarinna Arundhati Roy har ein gong skrive: «Tidlegare vart det produsert våpen for å føre krigar, no blir det produsert krigar for å selje våpen». At krigsindustrien, i alle fall i tida etter den siste verdskrigen, har vore med på å fremje ein dominerande krigspolitikk i Vesten, er det ingen tvil om. I det heile har sterke økonomiske interesser vore sjølve fundamentet for og drivkrafta bak tallause kolonialistiske og imperialistiske krigar gjennom fleire hundre år. Dette krigsregimet er framleis dominerande.
Pressa, som gjennom alle tider har vore med på å gjere krigar mogelege, er ein viktig aktør i oppkøyringa framfor alle desse krigane. Utan ei krigspresse, inga mobilisering, ingen krigar. Det meiningslause i at vanlege folk i naboland skal ta del i øydeleggjande krigar mot kvarandre, ville ikkje ha vore mogeleg utan massiv propaganda. Den amerikanske forfattaren og krigskorrespondenten Ernest Hemmingway, som med erfaringar frå to verdskrigar og borgarkrigen i Spania, gjorde seg kvalifiserte tankar om krigsdeltaking, og seier det om lag slik: «Å døy for landet sitt er ikkje noko anna enn ei patriotisk eventyrforteljing. I den verkelege krigen vil du forblø i gjørma som ein slakta hund, til nytte for absolutt ingen ting».
Dei krigane som rasar i dag er ikkje noko unnatak, dei handlar om det same, makt, hegemoni og enorme økonomiske interesser. Ser me oss tilbake, veit me også at desse aldri har handla om demokrati, folkerett og menneskerettar. Innføringa av demokrati i vestleg tyding, altså eit styre som er på parti med USA/Vesten, og menneskerettar utfrå same definisjon, har i praksis resultert i fleire folkemord og tallause krigar med mange millionar offer – av desse svært mange, hundre prosent uskuldige born. Sanksjonar, ein annan «reiskap» i den same verktykassa, er i praksis først og fremst ein dødsdom for dei minste borna.
I den vestlege verda spelar dei store pengane ei hovudrolle på så godt som alle felt, og ikkje minst i krigane i Iran og i Ukraina. Når ein usask president, som vanleg utan ein haldbar strategi, og på sida av den verkelege, planlaust destruktive krigen i Iran, fører ein «skuggekrig» på eigne nettsider, fyk aksjekursane opp og ned på vestlege børsar, til stor forteneste for eliten, for dei få. Dei handlar på innsida av systemet, veit på førehand når presidenten får aksjekursane til å sprette og falle – alltid i trygg avstand frå reelle krigshandlingar. I eit større og reelt bilete, med krigshandlingar i eit område der stor oljeproduksjon og vitale transportvegar er i spel, er heile verdsøkonomien truga.
Dei verkeleg store og vidtfemnande krigsinvesteringane går føre seg i den andre krigen, krigen i Ukraina, ein krig mellom Nato og Russland som til no har vart lengre enn den første verdskrigen. Her er det ikkje råd å vite sikkert kor mange menneskeliv som ha gått tapt, truleg snakkar me om millionar. I tillegg kjem alle lemlesta og øydelagde menneske, og fleire millionar flyktningar. Ukraina, som representerer USA/Nato i denne krigen, utan verken å vere ein stat i USA eller eit medlem i Nato, er eit øydelagt land. Utsiktene til fred er svært små.
Her har det frå første stund av vore snakk om store pengar. Store selskap kjøpte opp ukrainske ressursar allereie i starten av krigen. Fleire av desse ligg i område som no er okkuperte. Det har nemleg ikkje gått som tenkt (planlagt er som vanleg eit litt sterkt uttrykk) i denne krigen. Som elles har USA, Nato og co laga si eiga forteljing, både om bakgrunnen for krigen og om korleis krigen utviklar seg. Dei har ikkje lært noko av tidlegare, mislykka krigserfaringar. Sjølv om alt tyder på at krigen er tapt, blir det framleis hevda at det er like før Russland går tom for både våpen og for dei økonomiske føresetnadene som krevst for å føre krig. Dette er ei forteljing som pressa konsekvent har støtta opp om, på same tid som lite tyder på at dette kan vere tilfelle. For fleire år sidan sa både den norske og den usaske militære øvstkommanderande at denne krigen ikkje kunne vinnast; at det var tid for å forhandle. – Men då var store investeringar allereie gjorde. Denne krigen er når alt kjem til alt også ein type imperialistisk krig, der oppdelinga av det største landet i verda i lett utnyttbare/utbyttbare 41 sjølvstendige statar, er målet. Ukraina er berre middelet i denne «prosessen». Her har fleirtalet fått nok av krig og øydeleggjing, og ønskjer fred. – Men fred er ikkje haldbart for sterkare krefter.
Dei store investorane har allereie satsa så mykje på at Nato vinn krigen, og lagt ned så mykje i dette, med dei europeiske statane i ryggen, at eit anna utfall enn full siger er og blir utenkjeleg. Finansmannen Jens Stoltenberg har sagt dette heilt klart fleire gongar. Eit Ukraina heilt ope for gyldne, og på same tid lettkjøpte investeringar, og eit øydelagt Russland, partert og utan motstandskraft, representerer eit uimotståeleg Soria Moria. Å slå hol i forteljinga om kampen mellom gode og vonde krefter, og vedgå eit føreståande nederlag, ville i seg sjølv vere ein katastrofe som får alle utsikter om endeleg gevinst til å fordampe, og heile det kapitalistiske/imperialistiske korthuset til å kollapse, kanskje for godt. Europa vil på toppen av det heile ikkje få tilbake milliardlåna sine til Ukraina. Dei vil ikkje kunne ta ut/stele russisk eigedom i europeiske bankar. Dei vil heller ikkje ha føresetnader for å gjennomføre den gjenoppbyggjinga av Ukraina, som dei har lova landet dei i praksis har ofra i denne krigen. Dermed vil folket i Ukraina til slutt kanskje også vende seg mot dei.
I ulike sjølvpåførde «finanskriser» tidlegare, har dei urealistiske investorane vore berga, ved at uhandterleg gjeld har vore lagt over på fellesskapet, slik at bankar og andre som har aust ut pengar på svært dårlege prosjekt, står tilbake så godt som uskadde. Denne gongen går det ikkje. No er det berre ein krig som kan leggje det fullstendige mørkret over konkursboet. Når den europeiske eliten har satsa alt på eitt utfall av krigen, investert langt over evne og spreidd samanhengande løgner om bakgrunn og utvikling, kan dei enkelt og greitt ikkje tape – då heller ein katastrofal krig. Dei ser på denne krigen som den einaste løysinga. Derfor blir det rigga for krig på alle felt. Opposisjon er bannlyst.
Les også av Lars Longva: Vart oppløysinga av Sovjetunionen faktisk også ein katastrofe for Vesten?
Det ideelle senariet ville vere at Russland, som ei slags åtvaring, til dømes sende ei eller anna «sprengladning» inn i eit av dei europeiske landa, som både i ord og i praktiske krigsoperasjonar har synt at dei verkeleg er i krig med Russland. Då ville presse og politikarar også få rett, Russland ønskjer krig! Av grunnar nemnde tidlegare, er den vestlege eliten blinde for konsekvensane av ein slik krig. Den samla europeiske slagkrafta kan ikkje hamle opp med Russland. Kjem USA med, er utfallet framleis usikkert. Ein ting er derimot sikkert: Verken USA eller Russland ønskjer sine område som «krigsskodeplassar». Dermed blir dette ein krig der det i første rekkje er usaske militærbasar, produsentar av våpen og krigsmateriell, energiforsyning, viktige ferdslevegar og operasjonssenter i Europa som vil bli råka. Oppå det heile er Russland den største atommakta i verda. Sidan dette også er ein eksistensiell krig for dei, kan dette lett utvikle seg til ein altutslettande atomkrig. Den tyske journalisten Patrik Baab seier i eit intervju at han trur den europeiske eliten, i ein slik situasjon, førestiller seg at dei berre kan ta siste fly til Washington, og sleppe unna alt, for sin eigen del.
Prøver Russland å unngå den «uunngåelege» krigen med resten av Europa, har dei truleg berre ein farbar veg, å uskadeleggjere Ukraina, gjere landet de facto nøytralt, slik det store fleirtalet av ukrainarar også ønskte at landet skulle vere, før dette tok til med eit statskupp i 2014. Dette sannsynlege senariet fører med seg ein langvarig krigstilstand i Europa, med tilhøyrande krigsøkonomi, dårlege levekår, sensur og totalitarisme – eit Europa i fritt fall.
Kvar står så landet vårt i denne samanhengen? Det er ingen tvil om at me er i krig med Russland. Me deltek ope i militære samlingar og initiativ saman med ukrainarar, med personell, våpen og ekspertise. Landet vårt er med i koalisjonen av dei villige, dei som står «urokkeleg» i støtta til Ukraina i denne krigen. Den norske statsministeren har delteke på toppmøte i denne samanslutninga. Den norske pressa er samanhengande og konsekvent i det som vanskeleg kan kallast anna enn krigspropaganda. Russofobi og frykt blir dyrka. Ein riggar for krig, og motstemmer slepp ikkje til. Fred har vorte eit absolutt tabu i landet som deler ut fredsprisar. I rikskanalen er det personell med funksjonar innanfor det militære som uttalar seg om politikk. Både Storting og presse nyttar aktivt vurderingar til folk frå organisasjonar som arbeider for den førnemnde oppdelinga/«balkaniseringa» av Russland.
USA har i praksis overteke norske militæranlegg/militærbasar. Dette er no i praksis usask jord. Dei har full råderett, utan norsk innblanding. Dette set landet vårt i ein farleg situasjon. Leiarane våre har først og fremst gjort slike anlegg til aktuelle bombemål, om krigen skulle gå i den retninga europeisk/norsk elite ser føre seg.
Sokalla vanlege folk, om dei prøver å henge med, opplever i stor grad at norske leiarar slepper roret, og overlet styringa til krefter i USA/Nato/EU som har andre interesser enn det som kan kallast våre eigne, ikkje minst gjeld dette fred, velferd, nedrusting og utvida samarbeid over landegrensene.

