Vart oppløysinga av Sovjetunionen faktisk også ein katastrofe for Vesten?

Prøver ein å orientere seg i verda over tid og følgje utviklinga dit me er komne i dag, er nettopp dette eit spørsmål som trengjer seg på, sterkare og sterkare for kvar Nato-krig.

Av Lars Longva, pensjonert lærer Sykkylven

Det var stor optimisme i åra kring 1990. Mange trudde på fred og sameksistens då Sovjetunionen av eigen fri vilje gjorde ein radikal politisk snuoperasjon, ivrig klappa fram av USA, EU og resten av Vesten. Mikhail Gorbatsjov leia reformarbeidet, og var ein pådrivar for ei gjenforeining av Tyskland. Då Warszawapakta, motstykket til Nato, blei oppløyst i 1991, var han framleis statsleiar i Sovjetunionen. Same året blei også Sovjetunionen oppløyst, og Den russiske føderasjonen etablert.

Den førnemnde heiagjengen  gav fleire lovnader for at dette skulle kunne blir gjennomført på ein sikker måte, der Sovjetunionen sine tryggingsinteresser også skulle sikrast. To av dei galdt Nato: Eit samla Tyskland skulle ikkje kunne bli med i Nato, og Nato skulle ikkje utvide eigne grenser ein tomme austover. Me veit korleis dette ser ut i dag, kva lovnadene var verd og kva konsekvensar dette har fått – ein øydeleggjande krig som har vart i over fire år.

Mykje kan seiast om korleis ein rå og øydeleggjande kapitalisme i åra som følgde etter omveltningane i Russland var i ferd med å øydeleggje landet, der både eigne og utanlandske oligarkar forsynte seg grådig av dei rikdomane som var. USAske interesser tok over media og sidan styringa, gjennom den etter kvart utilreknelege nye statsleiaren Boris Jeltsin, eit lett bytte for dei som hadde andre planar for landet enn gjenoppbygging og ny velstand for alle. Det er ingen tvil om at denne tida representerte ein katastrofe for folket i Russland, ein katastrofe som i nyare tid berre kan minne om lidingane under krigen mot nazistane.

NATO i ei ny rolle

I dag ser me at det som hende også sette i gang ei katastrofal utvikling for det me i dag kan kalle Vesten. Med ein fiende som låg nede utan eigen forsvarsallianse, var det naturleg å tenkje seg at Nato også hadde utspelt si rolle. Det som hende var det motsette. Ein samla seg i staden straks om nye og høgare mål gjennom «out of area»-doktrinen. I Nato var det no ikkje lengre snakk om reine forsvarsinteresser, men hegemoniske/imperialistiske interesser. Desse definerte heile verda som interessesfære. Ein tillet ingen land å ha eigne tryggingsinteresser, på same tid som Nato definerte sine tryggingsinteresser som verdsomspennande; Nato hadde «legitime» tryggingsinteresser i alle land over heile verda! Det som tidlegare var ein militær balanse og ein slags gjensidig respekt mellom stormaktene; at dei på denne måten heldt kvarande i sjakk, var med eit slag borte. I staden for at verda skulle bli ein fredelegare stad, slik mange trudde etter omveltningane i Russland, blei no det motsette.

På same tid nulla ein ut alt diplomati, ein verken snakka med eller tok omsyn til «opponentar», land eller leiingar som ikkje er «på lag» med Nato. Nøytralitet eksisterer ikkje. Når ein i tillegg går til ei einsidig oppseiing av alle nedrustingsavtalar, blir dette i sum ikkje noko anna enn ei oppskrift på evige krigar!

Vesten med USA i spissen stod fram med ein hybris som berre ein suveren verdshegemon kan tillate seg. Ein kunne rett og slett tillate seg kva som helst. Ingen ting kunne gå gale. Ein har alltid retten på si side. Internasjonale avtalar gjeld berre når dei passar hegemonen. Historiske fakta gjeld ikkje, og sanninga er irrelevant. For å få det store fleiralet i Vesten (resten av verda tel ikkje!) med på alle krigane, blei all propaganda intensivert til ukjende høgder, og ein total kontroll over media i alle kanalar etter kvart sett ut i livet. Eit anna element som spelar sterkt inn når det gjeld oponionsdanning er tenketankane. Her er det ein heil flora av påverknadsorgan, støtta av sterke politiske og/eller militære og økonomiske krefter. Det som fell utanfor all logikk, er at den vestlege, sokalla redaktørstyrte pressa, har brukt og brukar desse flittig som referanse, utan at ein sjekkar samanheng og underliggjande interesser. All elementær journalistikk er borte. I tillegg kjem dei sokalla NGO-ane med sterk støtte frå felleskassa, og oppdrag om sjølve å støtte «nasjonale interesser» i krig og fred. På denne måten blir alle på lag, og ein får med seg eit vestleg fleirtal i stadig nye krigar og regimeskifteoperasjonar, utan anna mål enn å halde på, og å utvide eigne interesseområde. Dette er det ikkje anna namn på enn reindyrka imperialisme.

Ein imperialisme utan grenser

For USA var ikkje denne tanken ny. Etter at dei slapp heldig frå den førre verdskrigen i forhold til dei gamle kolonimaktene og andre opponentar, kunne dei sjå på seg sjølve som verdshegemonar. I 1948 setter spesialrådgjevar George Kennan opp strategien vidare: Å setje alle andre omsyn til side for å halde på hegemoniet. Han nemner menneskerettar, demokrati og velferdsauke for eigne innbyggjarar som omsyn ein må sjå bort frå. Sidan kom Brzezinski opp med ein tidsplan for erobring av verda. Og denne har USA med Nato, og etterkvart EU på slep, følgt etter beste evne.

I den USAske skulen blir det lagt stor vekt på det som blir kalla attitude. Det handlar om haldningar og meiningar. Her blir ein lært opp til 100% lojalitet til styresmaktene og det kapitalistiske systemet, der det berre er opp til deg sjølv kor langt du skal kome økonomisk, sosialt osv. Alt anna er kommunisme. Dette er ei klokketru som gjer at svært få skjønar at det også må strukturelle endringar til om ein skal få ei utjamning av godene, helsestell for alle, likeheit for lovene osv. I tillegg blir det forkynt at framgangen for USA heng nøye saman med framgang for Israel, framstilt som ei bibelsk læresetning. Ein føresetnad for  å kunne halde fram med den hegemoniske politikken, er lojalitet og offervilje frå folket si side. Mykje som blir formidla, ikkje minst i pressa, handlar om hat og frykt. « Scare the hell out og of them» har derfor vore ein parole mellom nasjonale strategar.

Når det gjeld dei tallause regimeskiftekrigane, har det aldri verkeleg vore snakk om demokrati eller menneskerettar. Slikt vedkjem ikkje hegemonane, endå dette er mykje brukt i promoteringa av alle dei hegemonistiske krigane på rekkje og rad. Ein har også lagt merkje til at USA saman med Israel konsekvent har stemt imot resolusjonar i SN som har å gjere med menneskerettar.

At alt diplomati er nulla ut, og at det er andre omsyn som gjeld, såg me tydeleg i hendingane som splitta opp og øydelagde Jugoslavia. I konflikten mellom bosniarar og serbarar vart alle freistnader på forhandlingar stoppa. «Høgdepunktet» for Nato & co var den ulovelege og katastrofale bombinga av Beograd i 1999, der eit kontinuerleg bomberegn i 78 dagar la det meste i grus, og tok livet av fleire tusen menneske. I etterspelet blei «djevelen sjølv» i vestleg propaganda, Slobodan Milosevic, frikjend i Den internasjonale domstolen, men det kom ikkje før etter at han var død – og aldri i den føromtalte pressa.

Sidan har dette vore Nato-politikk. Ein snakkar ikkje med fienden/opponenten, ein promoterer krig gjennom presse, propaganda og fargerevolusjonar, der NGO-ar og sokalla etterretning er sterkt involverte. Ei anna side i dette krigsspelet, er at t. d. USAske CIA og britiske MI6 langt på veg har slutta med etterretning, og i staden har gått over til å  ta direkte del i tiltak som best kan kallast terroristoperasjonar – når dei ikkje driv med infiltrasjon i andre land sine organisasjonar, og i internasjonale organisasjonar.

Samanhengande krigar utan strategi

Resten av verda har etter kvart forstått at Vesten gjer akkurat som dei vil, at Vesten ikkje er til å lite på, og at ein ikkje kan vente seg noko godt derifrå. At USA med resten av Vesten på slep heller ikkje bryr seg om å vite noko om tilhøva i andre, «utanforliggjande» land, at ein berre byggjer opp under blindt hat og i regelen ugrunna frykt, har fått alvorlege konsekvensar. Denne «taktikken» har ført til tap av millionar av menneskeliv og militære tap i fleire krigar. Å kalle dette for ein strategi er å gå for langt; der er ikkje noko som kan kallast ein strategi. Ein flyktar i staden frå den eine krigen og inn  i ein ny. Lenge før Israel med USA og Nato på slep avfyrte dei første rakettane i Iran, hadde fleire talsmenn i Pentagon uttrykt at det kan gå på den same måten i denne krigen som i den krigen Ukraina fører mot Russland på vegner av USA, Nato og EU; at den militære kapasiteten ikkje held i ein langvarig krig.

Den siste krigen starta med at rakettane, med sokalla kirurgisk presisjon, tok livet av  den iranske leiaren Seyyed Khamenei på ein stad, og 165 elevar i ein barneskule for jenter ein annan stad. Før krigshandlingane var det «forhandlingar at gunpoint», med ein USAsk flåte klar for aksjon. Det heiter at det var framgang i «fredsforhandlingane» heilt til det small. Det som er klart er at dette ikkje er nokon vanleg regimeskiftekrig frå Vesten si side – og at Iran no er klar for ein langvarig krig. Vesten har starta det som med rette kan kallast ein uprovosert, fullskala krig med svært usikkert utfall. Dette er ein hegemonistisk dvs imperialistisk krig både frå USA og Israel si side. Sett frå Iran er dette derimot ein eksistensiell krig, og ein parallell til krigen i Ukraina, med Russland på den eine sida og USA på den andre sida, og med ukrainarar som «frivillige» offer. Resten av Vesten er etterkvart så svekka, militært, økonomisk og politisk, at dei knapt er til å rekne med.

Krigen i Iran

Som det synte seg i siste krig mellom desse partane, for ikkje lang tid sidan, er Iran utstyrt med rakettar som fienden har vanskar med å verje seg mot. USAske observatørar meiner at det til dømes er gjort stor skade på dei mange militærbasane i området. Desse er USA-flåten, som ligg utanfor Iran-kysten, avhengige av. Sist var det Israel som måtte be USA om å hjelpe til med å stoppe krigen, før det blei større øydeleggingar i deira land. No veit Iran at det ikkje er anna enn ein lang, eksistensiell krig som kan stoppe Vesten. Reelle forhandlingar eksisterer ikkje. Ingen har grunnar til å tru på Vesten, same kva dei kallar seg.

Det er sjølvsagt allereie nye leiarar på plass i Teheran, dei same som sist. Drapet på Khamenei har, som tidlgare drap på leiarar i området, ikkje ført til noko anna enn at verken iranarar eller andre har grunnar til å tru at Vesten vil dei vel. Iranarane skjønar nok også at dei på sikt treng atomvåpen, om dei skal kunne vere tryggare i ei verd styrd av aggressorar med eit totalt hegemoni som mål. Det blir hevda at eit av måla med «forhandlingane» nettopp var å hindre at Iran skaffa seg atomvåpen. I følgje IAEA, Det internasjonale atomenergibyrået, er det ikkje noko som tyder på at Iran er i ferd med å skaffe seg slike våpen. At britiske MI6 har infiltrert organisasjonen og i alle fall fått vestlege leiarar og vestleg presse til å spreie frykt-propaganda, er ei anna sak. Tulsi Gabbard, krigsveteran i USA-administrasjonen, har sagt det same som IAEA.  Me veit i tillegg at Khamenei som sjiamuslim tok sterk avstand frå atomvåpen. Om Vesten skulle greie å kvitte seg med prestestyret, slik at det blir eit sekulært regime i landet, er det ikkje usannsynleg at dette ville framskunde utviklinga av eigne atomvåpen i landet.

I tillegg er Iran på fleire måtar i ein nøkkelposisjon, både geografisk/strategisk og energipolitisk. Dei har allereie stengt Hormuzsundet, ein flaskehals i transport av olje. Dei har kanskje også bomba vitale oljeanlegg – eller? Den USAske journalisten Tucker Carlson hevdar i alle fall at ein både i Qatar og Saudi-Arabia har arrestert vestlege Mossad-agentar som planla bombeangrep i desse landa. Og kvifor skulle dei det? Carlson svarer sjølv, at dette er ein typisk falsktflagg-operasjon. – Altså, ein velkjend taktikk for USA & co, for å skape kaos, for å setje arabarlanda opp mot kvarandre. Iran har allierte i BRICS. Der er dei i denne samanhengen først og fremst interessete i handel og stabilitet. Derfor oppmodar medlemslanda Iran om å gå forhandlingsvegen. India, sentralt i BRICS, vil truleg blir hardt råka om det blir store avgrensingar i oljeleveransane  – likeeins Europa. Dermed balanserer Iran på ein knivsegg i denne samanhengen også. 

Sjablongar i svart og kvitt

I Vesten lever ein på enkle forteljingar om verda, med sjablongar i svart og kvitt, dei gode og dei vonde. Ein er ikkje i stand til å forstå den kompleksiteten som råder i eit samansett verdsbilete. Ein bryr seg heller ikkje om å forstå. Me har leiarar som verken kan historie, skjønar seg på vanleg kommunikasjon eller er i stand til å orientere seg i eiga samtid. Slik er det på begge sider av Atlanterhavet. Historisk dårlege leiarar fører oss inn i den eine katastrofen etter den andre. Når forståinga byggjer på løgner og desinformasjon, og leiarane aldri får kjennskap til anna enn det dei ønskjer å høyre frå handplukka folk, må det gå gale. Ein verdshegemon som handlar i blinde er like farleg for seg sjølv og sine allierte, som for dei han til ei kvar tid utpeikar som fiendar.

Ikkje berre for folket i USA har dette utvikla seg til ein katastrofe med svimlande militære utlegg, fattigdom, aukande korrupsjon, sensur og ei utvikling mot ein totalitær stat – mykje av det same ser me i Europa også. I tillegg har ein tilsvarande hat- og fryktkultur breidd seg, med god hjelp av politikarar, militære og presse. Folket er splitta. Fleire av leiarane manglar tillit og representerer eit klart mindretal. Derfor er ønskjet om å utestengje eller forby parti som ikkje held på krigslinja sterkt, særleg når desse veks seg store som i Tyskland. I tillegg kjem masseinnvandringa som eit resultat av alle krigane. Dei landa som har hatt opne grenser, har allereie fått større problem enn det dei kan handtere.

Eit land utan eigen utanrikspolitikk

For landet vårt er dette ikkje noko betre. Både dei ulovelege militæraksjonane i Venezuela og krigen i Iran har «våre folk» vore med på å promotere. I det siste tilfellet har stortingspresidenten, nr. 2 etter kongen i kongeriket, heilt misforstått stillinga og rolla si, og sett det som si oppgåve å fremje eit regimeskifte i Iran. Stortingspolitikarane på si side kjenner ikkje konstitusjonen betre enn at dei let han halde på. I begge desse tilfella promoterer landet vårt personar som ingen, ikkje ein gong USA, vil ha som leiarar, Machado  og Pahlavi. Internasjonalt er dette først og fremst pinleg.

I den nye trusselvurderinga frå PST & co er det Russland, Kina og Iran som er fiendane, ikkje minst fordi dei byggjer opp «alternative finansielle strukturar». I klartekst tyder dette at desse landa ønskjer ei anna verdsordning, ei anna enn den som aldri lyttar til andre, fører samanhengande krigar, sanksjonerer millionar til døde og berre gir allierte regime liverts rett. Så langt eg kan sjå forvekslar PST norske trusselvurderingar med USAske. Med politikarar som ikkje ønskjer at det skal vere noko politisk ordskifte i utanriksspørsmål, blir det ofte militært personell som svarer på både politiske og militære spørsmål i statskanalen og i statspressa. Dei følgjer opp Nato-tankegangen og seier beint fram at sanninga er irrelevant og at dei frårår historielesing når det til dømes gjeld Ukraina-krigen. Dette seier også sitt om dei forteljingane dei sjølve, politikarar og presse har vore med på å spreie.  Det som er typisk i norsk utanrikspolitikk er at ein aldri ser seg tilbake, eller vurderer kva landet vårt som USA-alliert og Nato-medlem har vore med på eller støtta. Dermed kan ein heller ikkje lære noko av det som til dømes har hendt i Jugoslavia, Afghanistan, Libya og Syria. Dette er elles ulikt fleire av våre allierte, der slike vurderingar har vore på dagsordenen.

Eit lite land, som på fleire måtar har gjort seg meiningslaust, gjer ikkje klokt i å knyte seg til mastra på ei skute som etter alle solemerkje er i ferd med å havarere. Når den tid kjem, vil nok USA likevel greie seg. Om me held fram med å brenne bruer til verdssamfunnet ved å støtte eit fallert imperialistisk prosjekt, vil me i lengda stå svakt. Leiarane i landet vårt drøymer om å tilhøyre hegemoniet. Då det kom melding om at Trump i si tid ville føre samtalar med russarane; at han den gong kanskje kunne ha diplomatiske ambisjonar, kom det nærast samstemt frå Solberg og Barth Eide: «Dette er det same som å gje frå seg makt»!! Dei ville for all del halde på hegemoniet og utsiktene for evige krigar med gevinst for dei same som før. Då lever dei framleis i ei tid som er forbi.

Ein ting bør me i alle fall kunne lære av krigen i Iran: Å ha USAske basar innanfor landet sine grenser gjer oss ikkje tryggare, snarare katastrofalt meir utsette for alvorlege krigshandlingar. På toppen av det heile har leiarane våre tekje på seg å provosere Russland i nord, for å flytte krigen nærare. Eg trur fleire etter kvart vil sjå og forstå at USA sine interesser ikkje er våre interesser, at USA og Nato i dag er ein større trussel for folk og land enn knapt noko eller nokon annan.

Legg igjen en kommentar