Fredsprisen til ICAN griper inn i den norske atomdebatten. Som kjent har Norge nektet å undertegne et forbud mot atomvåpen. I dag melder Klassekampen at US Marines har tenkt å bli på Værnes på ubestemt tid, og at amerikanerne planlegger baser i Norge.
Vi reblogger Ivar Jørdres artikkel der han krever utmelding av NATO og at Norge slutter seg til konvensjonen mot atomvåpen.
Noreg ut av NATO og konvensjon mot atomvåpen

NATO-sjef Jens Stoltenberg oppfordrar Noreg om å auke forsvarsbudsjettet til 2 prosent av BNP (Brutto Nasjonal Produkt). Typisk nok er kapitalismen sin forsvarar NATO ein påtrengande lobbyist når det gjeld aukande rammer for krigsinnsatsen sin. Ikkje berre ovanfor Noreg, men alle andre NATO-land også.
Dagens budsjett på over 50 milliardar kroner, ca. 1,4 prosent av BNP, kan heller ikkje kallast eit forsvarsbudsjett då omlag ein fjerdedel av det går til krigsfremjande tiltak. Skreller me av bevilgningane knyta til krigsflyprosjektet Joint Strike Fighter F-35, bevilgningane til framleis innsats i operasjonane til NATO i Afghanistan og i Irak, og til NATOs opprustning i Aust Europa, kan dagens budsjett knappast ned til minst 1 prosent av BNP.
Noreg skal ha eit nasjonalt folkeforsvar som tenar forsvaret av vår nasjonale suverenitet, ikkje noko som trekker Noreg med i intervensjonar i andre land slik me har sett dei siste tiåra. MEN det skal vera ute av NATO!
Ei omlegging av det norske militærapparatet til nasjonalt forsvar er logisk i høve ikkje-NATO medlemskap. Det naturlege utgangspunktet vert då at dagens budsjett reduserast med ca. ein fjerdedel, truleg meir.
NATO har lenge hatt ein politikk for å kunne kjempe for sine imperialistiske interesser langt ut over NATO-området. Men out og area-strategien kom for første gang i praktisk bruk i Kosovokrigen i 1999. Sidan då har denne strategien vore NATOs hovudline. Krigane i Afghanistan, Irak og Libya er typiske døme på denne politikken. Dette er reine aggresjonskrigar. Dei har ingenting med forsvar av Noreg å gjere. Men det er denne typen virksomheit som nå er bærebjelken i Noregs militærdoktrine. Dette og meir er det «nye-NATO» si rolle.

NATO si bombing av Libya – ei krigsforbryting
Eit rystande og sterkt døme på kva eit NATO-land som Noreg si deltaking i «out of area» strategien til NATO, er sjølvsagt bombinga av Libya i 2011 (eit anna døme er bombinga av Serbia i 1999). Frå ein FN-resolusjon om flyforbodssone i Nord-Libya til full bombing og regimeskiftetaktikk, var vegen kort. Uhyggeleg kort!
Når stormakta USA med «vesle-imperialisten» Noreg på slep endrar intensjon «over natta» utan nokon debatt i det heile i landet sitt «demokratiske palass» Stortinget, vert forsvarsdoktrina vår: Frå landforsvar til leverandørar av leigesoldatar i imperialismen si teneste.
Store NATO-leia militærøvingar
Heller ingen debatt eller dekning av store militærøvingar i main stream media finns det mykje av i Noreg. I desse dagar startar militærøvinga Aurora 17 i Sverige, den største svenske militærøvinga siden 1993. Meir enn 19 000 svenske soldater skal øve samman med 2000 soldater fra USA, Finland, Frankrike, Norge, Danmark, Litauen og Latvia. Øvinga går føre seg i perioden 11.- 24. september, i hovudsak i Mälardalen vest for Stockholm og i austersjøen, og skal simulera «forsvar mot et angrep på Sverige» frå aust (Klassekampen). Sverige har i seinare tid inngått offisiell partnerstatus med NATO-alliansen.
Nesten samstundes startar Russland 14. september øvinga Zapad, som kan ha større dimensjonar enn den svenske øvinga, men det er usikkert. Zapad (som tyder «Vest») er ei gjentagande øving med nokre års mellomrom. Her simulerar russarane forsvar mot eit miltært åtak frå Vesten mot Russland eller randstatane. Årets Zapad-øving skal ha sitt tyngdepunkt i det vestlege Russland og i Kviterussland.
Til neste haust kjem nok ei stor øving, denne gongen i Midt-Noreg, med kanskje så mange som 35 000 soldatar og tusenvis av køyrety og skal operera 150 fly og 70 skip, til lands og til vanns. Denne gigantøvinga kalla Trident Juncture 18 vert den største øvinga i Midt-Noreg på minst 15?20 år. Ein mindre del av øvinga skal føregå i Sverige, Finland, på Island, og i Austersjøen. NATO arrangerar øvinga i månedsskiftet oktober-november neste år. Noreg er altså vertsnasjon.
Slik er det å vera medlem av NATO: Servil, underlagt, miljøsyndar, pengeslukar og med velvillige militærhissarar hjå makta. Militariseringa av Skandinavia og Norden er i full gong og dermed spenningsdrivande!
Internasjonal konvensjon mot atomvåpen
Atomvåpenproblematikken og NATO er som eit par, tett knyta til kvarandre i avskrekkingsterror, trugsmål i førstegangsbruk og milliardbeløp i vedlikhald og fornying av atomvåpna. Dette gjer også at motpartane Russland og Kina også opprettheld og rustar opp sine arsenal. I tillegg er India og Pakistan med sine atomvåpen ein farleg miks som kan smelle av under potensielle eskaleringar. Noregs medverknad til å eskalera faren for storkrig i Europa, i kjølvatnet av Ukraina-konflikta er også med i dette biletet. Og Nord-Korea sitt atomvåpenpotensiale må det forhandlast om gjennom FN, og ikkje truge dei med militærøvingar og økonomiske strupetak. Det er då det kan gå riktig gale!
Alt dette understrekar viktigheita av at den norske regjeringa sluttar seg til FN-resolusjonen om ein internasjonal konvensjon mot atomvåpen. Noko som i dagens politiske tilhøve diverre ikkje er mogleg. Verken Arbeidarpartiet eller Høgre vil det. Så førebels er det vesle NATO-landet Noreg på lik line med dei andre atommaktene, ikkje med i dette. Eit paradoks? I grunnen ikkje, Noreg er heilt knyta opp til USA – difor!
Sjølv om det er atomstormaktene USA og Russland som må gå i spissen for ein atomnedrustning, vil det ha stor viktigheit at flest moglege land startar med å erklæra at dei aldri vil stasjonera atomvåpen på si jord og ikkje vera medansvarlege for bruk av atomvåpen. Det må Noreg i høgste grad gjera også. Men vil den norske makteliten det?
For Noregs del tyder det at inntil Noreg melder seg ut av NATO, må Norge arbeide for at NATO endrar sin atomdoktrine og avstår frå førstebruk av atomvåpen og frå at NATOs atomvåpengaranti skal gjelde for Noreg. Noreg må også arbeide for at usanske atomvåpen ikkje skal vera stasjonert i Europa, heller ikkje i samband med rakettskjoldprosjektet eller dei krigsfremjande tiltaka NATO no iverkset, m.a. i Ukraina.
Men med m.a. ein utprega krigsminister som forsvarminister og andre NATO-elskarar i omlag alle parti, så er håpet om endra atomvåpentillnærming, omlag det same som å overleva på Mars-overflata utan romdrakt. Inntil den globale opinion får nok politisk surstoff til endring, hender det ingenting, heller ikkje i Noreg.
Uansett: Internasjonal konvensjon mot bruk av og forbod mot atomvåpen, NÅ! Men, når du har slike krigshissande uttalingar som Stoltenberg kjem med regelbunde: «NATOs atomvåpen er del av avskrekking», så forstår truleg dei fleste kor landet ligg – meir krigshissing!
NATO er den verste terrororganisasjonen i vår tid. Et aggresivt redskap for de to imperialistiske blokkene USA og EU. I dag ser vi en globalisering av NATO for å sikte kontroll med ressurser, markeder og profitt. Det må bli et krav fra flertallet i vårt land, at Norge må ut av NATO snarest mulig. Send denne utmerkede artikkel til alle de kjenner.
LikerLiker